INFORMASJON OM SKULEN

Skulen har i 2017 14 tilsette og 466 elevplassar. Vi sel også teneste til barnehagar, skular, ulike institusjonar samt oppdrag i andre kommunar og Møre og Romsdal fylke. Fleire av korpsa i kommunen kjøper dirigent- og instruktørteneste frå kulturskulen. Det gjer også Spelemannslaget Dåm og Drag.

Vestnes Kulturskule ynskjer å ta aktivt del i lokalsamfunnet. Det gjer vi m.a. med kulturinnslag ved ulike arrangement i kommunen.
Gjennom skuleåret arrangerer vi huskonsertar, og ulike forestillingar. Kvart år ”løyser vi opp ” timeplanen i ein periode og jobbar med prosjekt eller større framsyningar.

Kulturskulen er ein skule for alle. Det er inga aldersgrense for opptak, og alle som bur i Vestnes kommune kan søkje om å få undervisning ved Vestnes Kulturskule.
Kulturskulen oppmodar også vaksne og pensjonistar om å søkje. Det er i prinsippet ope inntak, men ventelister kan bli oppretta på grunn av:
* stor søknad på enkelte instrument
* mangel på lærekrefter
* endringar i dei økonomiske rammene

Undervisninga blir lagt til Vestnes Kulturskule sine lokale og i dei ulike skulane.
Påmeldinga gjeld for heile skuleåret. Dersom ein elev sluttar undervegs, må ein betale for det semesteret som er påbegynt. Utmelding må skje skriftleg innan 1. desember.

Vestnes Kulturskule

 
 

Abonner på nytt

Om du skriver inn e-adressa di her, får du alt nytt frå oss og som e-post! Like enkelt å melde seg på - som av!.