VEDTEKTER FOR VESTNES KULTURSKULE

§ 1 Eigar

Vestnes kulturskule er ei driftseining i Vestnes kommune

§2 Hovudramma for drifta
Vestnes kulturskule skal drivast i samsvar med retningsliner som til ein kvar tid er
fastsett av departement, kommunale vedtak og handlingsplan for Vestnes
kulturskule.


§3 Administrasjon
Kommunestyret i Vestnes er politisk organ for kulturskulesaker. Driftsleiar i Vestnes
kulturskule er administrativt lagt under Administrasjonssjefen.


§ 4 Samarbeidsutval
Samarbeidsutvalet ved Vestnes kulturskule har 6 medlemmer med personlege
vararepresentantar:
1 representant frå kommunestyret -
1 representant frå det frivillige kulturliv
2 foreldrerepresentantar
1 lærarrepresentant
1 elevrepresentant
Driftsleiar ved Vestnes kulturskule er sekretær for SU.
Valperioden for medlem og varamedlem som er valt av kommunen, skal følgje
kommunestyreperioden på 4 år. Dei andre medlemene i Su vert valt for 2 år.
SU skal sjå til at Vestnes kulturskule vert driven innafor dei rammene som til ein kvar
tid er fastsett. SU skal vere aktiv medspelar i utviklinga av Vestnes kulturskule.


§5 Foreldremøte
Når haustsemesteret er godt i gang, skal driftsleiar kalle inn til foreldremøte. Dersom
det er ønskjeleg kan ein og ha eit møte i vårsemesteret.


§6 Opptak av elevar
Vestnes kulturskule er for alle i kommunen, uansett alder, men elevar i grunnskulen
vert prioritert. Vi har også tilbod i form av kurs, og/eller klippekort. Vi må ha beskjed
dersom ein søkjar har særskilde hjelpebehov. Elevar som har plass i kulturskulen
må søkje på nytt kvart år. Søknad om plass skal vere på elektronisk skjema.


§7 Søknadsfrist / Ventelister
Søknadsfristen er i hovedregel 15. april. Inntaket vert gjort av administrasjonen ved
kulturskulen. Ventelister kan bli oppretta etter søkedato. Ventelistene gjeld kun for
det skuleåret ein er inne i, og ein må søkje på nytt for å bli rekna som søkjar året
etter. For kurs gjeld eigne fristar.


§8 Elevplass
Når ein elev har fått ein elevplass, gjeld plassen for heile skuleåret. Skulle eleven
likevel ønske å slutte etter haustsemesteret, må kulturskulen sitt kontor ha melding
om dette skriftleg innan 1. desember. De kan gjerne nytte e-post ved utmeldingar.
Elevar som sluttar midt i eit semester må betale full semesteravgift. Ved overgangen
til eit nytt skuleår, må alle elevane søkje på nytt.


§9 Undervisninga
Opplæringa vil bli gitt individuelt og/eller i grupper. Dette etter ei fagleg vurdering frå
kulturskulen.
Kulturskulen legg vekt på samspel, og undervisninga vil i periodar vere
prosjektbasert. I prosjektperiodane løyses timeplanen opp, og elevane blir med i
fellesoppsetningar. Det er obligatorisk for elevane å være med på dette. Det blir ikkje
gitt reduksjon i skulepengane dersom eleven likevel ikkje deltar.


§10 Skulepengar
Skulepengesatsane vert til ein kvar tid fastsett av kommunestyret.
Det vert gitt 25% familiemoderasjon for ein elevplass
Kulturskulen gir også tilbod om kjøp av klippekort for vaksne.
Kurs har eigne prisar
Elevane må sjølv dekke utgiftene til nødvendige lærebøker og anna utstyr.
Dersom skulepengane ikkje vert betalt innan tidsfristen, og det ikkje vert gjort skriftleg
betalingsavtale, taper eleven kulturskuleplassen neste semester.
Ved langvarig sjukdom kan ein søkje administrasjonssjefen om redusert betaling.


§11 Oppmøte / fråvær
Elevane må møte til undervisninga i god tid før timen, og vere skikkeleg førebudde.
Dersom ein elev er forhindra fra å møte til time, må kulturskulen ha beskjed, enten
ved direkte melding til lærar, eller ved å kontakte kulturskulen. Elevar som gjentatte
gonger ikkje møter opp til undervisning, kan miste plassen sin.


§12 Vikar ved fråvær hos lærar.
Kulturskulen gjer sitt ytterste for å skaffe vikar ved korttidsfråvær. Vi ber imidlertid om
forståing for at vi ikkje alltid greier dette, og undervisninga vil då bli avlyst. Skulle ein
time bli avlyst meir enn to gonger i semesteret ( halvåret) – vil det bli gitt refusjon i
skulepengane.


§13 Leige av instrument
Kulturskulen har strykeinstrument og nokre andre instrument til leige. Skade på
skulen sine instrument må straks meldast til rektor. Kostnader i høve reparasjon /
nyinnkjøp må dekkast av eleven.


§14 SMS Teneste
SMS blir av kulturskulen brukt til å gi beskjedar som gjeld elevane og undervisninga.
Dette er ein praktisk måte for oss og nå mange elevar hurtig, ved eventuelle
avlysningar, eller time-endringar. E-post vil og kunne bli brukt for utsending av
informasjon frå oss. Kulturskulen må ha melding ved endring av telefonnummer og epostadresser.
Ved informasjon om Vestnes kulturskule sjå heimesida vår
www.vestnes-kulturskule.no


§ 15.Endring i vedtektene
Samarbeidsutvalet ved Vestnes kulturskule kan fremje forslag om endringar i
vedtektene til kulturskulen. Endringane skal godkjennast av kommunestyret.
Kommunen kan også gjere framlegg om endringar. Endringane skal då leggast fram
for samarbeidsutvalet ved kulturskulen for uttale før vedtak i kommunestyret.

Vestnes Kulturskule

 
 

Abonner på nytt

Om du skriver inn e-adressa di her, får du alt nytt frå oss og som e-post! Like enkelt å melde seg på - som av!.