FORDJUPINGSPROGRAM – Vestnes Kulturskule

Revidert 2018

Musikk

  • Aldersgrense: Frå ungdomsskulealder. (8. årssteg)
  • Alle som er interesserte kan søkje
  • Det stilles krav til høg og målretta innsats, og eleven må ha ekstra stor interesse for faget.
  • Det blir gjennomført opptaksprøver
  • Pris: kr. 1050,- pr år i tillegg til ordinær plass
  • Eleven får meir tid, fleire konsertoppdrag, og eigen fordjupingskonsert.
  • I enkelte fag kan fordjupingselevane bli sett saman i grupper
  • Musikkteori vil vere ein del av innhaldet i undervisninga

Dans

  • Aldersgrense: Frå 3. årssteg
  • Alle som er interesserte kan søkje
  • Det blir gjennomført audition.
  • Det stilles krav til høg og målretta innsats, og eleven må ha ekstra stor interesse for dansefaget.
  • Elevane på dans fordjuping 2 og 3- må ha to andre dansedisiplinar i tillegg til fordjuping. Dett kravet er ikkje absolutt i fordjuping 1 (dei yngste)
  • Pris: kr. 1050,- pr år i tillegg til ordinær plass
  • Elevane blir sett saman i grupper etter nivå
  • Elevane får eigen fordjupingsgruppetime, fleire oppdrag, meir tid.  

 

Førebuing til fordjuping musikk:

  • Vi opnar for at elevar som er ekstra motivert kan søke om meir undervisingtid.
  • Elevar som blir innvilga meir tid kan få inntil 45 minutt undervisningstid til saman pr veke.
  • Der det er hensiktsmessig kan ein få to oppmøte pr veke, fordelt på ulike dagar.
  • Aldersgrense: Ope for alle som er motivert til det.
  • Pris: Elevar med meir undervisningstid betalar for ein ekstra kulturskuleplass etter gjeldande betalingssatsar.
  • Vi har eit begrensa antal plassar.
  • Søknad om ekstra tid sendes inn på epost til kulturskulen@vestnes.kommune.no

Vestnes Kulturskule

 
 

Abonner på nytt

Om du skriver inn e-adressa di her, får du alt nytt frå oss og som e-post! Like enkelt å melde seg på - som av!.